Velkomen igjen, og igjen - med sesongkort! Endelig har me moglegheiten til å igjen tilby sesongkort til Mikkelparken! Sesongkorta er digitale og må bookast og reigstrerast her på heimesida. Føl linken for å lese meir og bestille!
Mikkelparkens eige badeland og Mikkelines favorittplass! Her kan heile familien kose seg med bading, svømming og plasking. Vatnet er oppvarma til 30 grader, både i badebassenga og i spruteanlegget Plaskefryd.
Stig på, ta plass! Mikkeltoget tar deg med på ein liten rundtur i Mikkelparken.
Kven si kule kjem fyrst ned kulebanen?
Minientreprenørane treng ikkje gå langt, rett innanfor inngangspartiet finn du elektriske gravemaskiner som utfordrar motorikken.
Gled nokon du er glad i med eit gåvekort til Mikkelparken! Gåvekortet kan brukast på billettar eller overnatting booka på nettsida vår, eller på mat, drikke og souvenirar i Mikkelparken. Du vel sjølv kva sum gåvekortet skal ha, og du får tilsendt eit fint dokument på e-post som du kan printe ut og gje til den heldige.
Mikkel og venene hans inviterer til dans, musikk og moro, samt fleire møter gjennom dagane i Mikkelparken. Les meir om vårt underhaldningsprogram her!
Like ved Mikkelparken finn du Mikkelparken Ferietun, eit koselig ferietun i idylliske omgivnadar med familievenlege overnattingstilbod og camping. Her er det basseng, leikeplass og minigolf -og sjølvsagt kort veg til Mikkelparken!
I Kinsarvik og nærområdet finns det fleire overnattingsmoglegheiter.