Informasjon om Covid-19

Mikkelparken og Mikkelparken Ferietun føl situasjonen rundt COVID-19 nøye.

Me tilpassar oss råd og anbefalingar frå helsemyndigheitene, og me oppfordrar alle gjestene våre til å følgje dei nasjonale råda om å halde avstand på minst 1 meter til andre familiar, ha god handhygiene og praktisere gode hoste- og nysevanar. Gjester som er i karantene eller har symptom på sjukdom skal ikkje besøke Mikkelparken eller Mikkelparken Ferietun.

Våre smitteverntiltak på Mikkelparken Ferietun:

  • Me oppmodar gjester til å unngå unødvendige besøk i resepsjonen, og ringe oss dersom dei har spørsmål. Ser du at det er mange folk i resepsjonen, ber me deg vente utanfor.
  • Meir fokus på digital informasjon til gjester i forkant av og under besøk, for å minimera informasjonsbesøk i resepsjonen.
  • Betaling av opphaldet bør gjerast før ankomst, og dersom du ikkje har betalt ved booking, sender me ut betalingslink. Dette for å unngå trengsel og kø i resepsjonen.
  • Skilt og markeringar for å oppfordre gjester til å halde avstand til kvarandre på heile området.
  • Auka fokus på reinhald på alle kontaktflater, aktivitetar og i resepsjonen. Hyppigare reinhald utført av personale, og fleire stasjonar for antibac og handvask. Plexiglas ved resepsjonsdisken.
  • Det er antibac plassert ut på ulike plasser. Ver venleg å bruk dette før ein går inn i bygg eller nyttar aktivitetar på Ferietunet.
  • Auka fokus på reinhald i overnattingseiningane. Alle kontaktflater i hytter/leilegheiter/luksustelt vert grundig desinfisert mellom kvar gjest.
  • Det er ikkje tillatt å ta med sovepose eller lakenpose i hyttene. Medbrakt sengetøy må vere vaska på minst 60 grader og ikkje brukt andre stader før ankomst til Mikkelparken Ferietun.
  • Me oppfordrar til kontantlaus betaling, og bruk av «tapping» og Vipps der det er mogleg.

Avbestilling/endring:

Så lenge Mikkelparken Ferietun og Mikkelparken er open for drift, vil våre normale avbestillingsreglar gjelde. I år har me valt å la avbestillingsreglane gjelde for inngangsbillettar til Mikkelparken òg. Dersom Mikkelparken ikkje opnar på planlagt dato, eller må stengje grunna korona, vil alle innbooka gjester bli kontakta med alternativ.

Våre smitteverntiltak i Mikkelparken

Opningstider

Mikkelparken vil følgje dei planlagte opningstidene frå 10:00 – 18:00.

Det er viktig at du har billetten din (på papir eller på skjerm via Min side eller ordrebekreftelse) klar for scanning ved ankomst til parken. Dersom du ikkje kan finne billetten din, kan du kontakte oss på telefon eller e-post i forkant av ankomst, så vil me hjelpe deg.

Antal gjester

Denne sommaren vil det vera eit maks antal personar i Mikkelparken samtidig. Alle billettar vil verte scanna, slik at me har god kontroll på antal gjester. Mikkelparken har eit areal på ca. 30 000 m2, og størstedelen er uteområde. Antal gjester me vil sleppe inn, vert vurdert ut frå storleiken på parken og kapasiteten på dei ulike attraksjonane og områda. Uansett minner me om at gjester må ta ansvar for å halde avstand til kvarandre.

Førehandskjøp av billettar

For å ivareta smittevernkrava, vil det vera eit begrensa antal gjester som slepp inn i parken kvar dag. Difor vil det denne sesongen kun vere moglegheiter for å kjøpe datofesta billettar på førehand. Billettar må kjøpast her: https://mikkelparken.no/apningstider-og-billettpriser/

Grunna koronasituasjonen tilbyr me i år fri avbestilling og refusjon av billettar fram til 14 dagar før dato på billetten. Dersom du har bestilt billetten din i samband med overnatting på Mikkelparken Ferietun, og du har kjøpt avbestillingsforsikring, vil denne gjelde for billetten òg.

Du kan endre dato på billetten din fram til 14 dagar før ankomst, så lenge det er ledig billettkapasitet på den nye datoen. Gå inn på «Min side» for å endre billettar. Billettar vil bli avbestillt og du vil få ein verdikode tilsendt på epost som du kan bruke til å bestille nye billettar.

For å ha eit meir forutsigbart besøkstal, har me stengt salet av sesongkort inntil vidare.

Du treng ikkje forhåndskjøpe billett for bursdagsbarn eller ledsagarar. Desse vert registrert i inngangen til Mikkelparken.

Mikkelkort Gull

Mikkelparken sel ikkje Mikkelkort Gull i 2021 grunna Covid-19.

Vask hendene!

Handhygiene vil vere eit stort fokus i Mikkelparken i sommar. Me har ein stor handvaskstasjon utanfor inngangen, der me ber alle gjester om å vaske hendene før og etter besøket i Mikkelparken. Det vil finnast stasjonar for handdesinfeksjon på attraksjonar, spisestader og rundt om i parken. Det er fint om du tek med din eigen antibac til din familie.

Sjukdom/karantene – hald deg heime

Dersom du er sjuk eller i karantene, skal du ikkje besøke Mikkelparken. Dersom du er i risikogruppa og ikkje vaksinert, anbefaler me at du venter med å besøke oss til pandemien er over. Me praktiserer dei same reglane med våre medarbeidarar. Dersom du har førehandsbestilt billett og blir sjuk, ber me deg kontakte oss for å flytte billetten din til ein ny dato.

Ver saman med din familie, og hald avstand til andre familiar

For å unngå smitte, ber me deg om å halde din eigen familie samla, og at de har minst 1 meter avstand til andre familiar. Pass på at borna dine ikkje spring rundt på eigenhand, då det kan vere vanskeleg for barn å overhalde 1-meters regelen.

Ekstra reinhald

Denne sommaren har me naturlegvis eit auka fokus på reinhald. Alle våre leikeapparat vil bli desinfisert dagleg, og det vil vere moglegheiter for handdesinfeksjon før og etter bruk. Nokre av attraksjonane vil bli desinfisert mellom kvar gjest, og andre etter faste intervallar. Toalett, garderobar og stellerom vert reingjort hyppigare enn før. Me set likevel pris på at du og din familie praktiserer god handhygiene.

Hjelp dine eigne barn

For å unngå unødvendig kontakt med våre medarbeidarar, vil me på nokre plasser be om at foreldra hjelper sine eigne born. Dette er til dømes ved bilbanen eller bumpebåtane, der foreldra kan hjelpe med å løfte borna inn og ut frå bilane/båtane.

Hald avstand

1-meters regelen er ei nasjonal retningslinje som gjeld over heile Noreg. Me har laga til avstandsmarkeringar der me forventar kø, og familiesirklar med minst èin meter mellom kvar. Me ber alle om å respektere denne avstanden, og gå til neste sirkel når den er ledig. Foreldre må ta ansvar for at deira eigne barn held denne avstanden til andre.

Attraksjonane

Attraksjonar og aktivitetar vil vere i ordinær drift, men me har satt visse avgrensingar for å unngå nærkontakt og for å tilrettelegge for reinhald. Ubetjente leikeapparat vil bli reingjort og desinfisert dagleg, og det vil finnast antibac stasjonar eller handvask i nærleiken. Fleire av desse tilboda kan difor benyttast med forventning om at gjestene vaskar eller desinfiserer hendene før og etter bruk og held avstand til andre. Alle dei betjente attraksjonane vil ha auka fokus på reinhald.

Mattilbod i Mikkelparken

Skoskogen kafè:

Vil vere open med servering av pizza, pølser, suppe, bollar, salatbar og ulike “grab and go” produkter. Kaffi, brus, slush og vatn, samt noko søtt til kaffien kan kjøpast her. Barnemat og mikrobølgeovn til oppvarming av mat. Sjølvbetjente kassar, så kun kontantfri betaling.

Solkroa (ved inngangen):

Vil vere open for servering av lunsjtallerken. Kun kontantfri betaling.

Ubemanna kiosk ved Bilbanen, Tropefryd og Teikneterrassen der du kan kjøpe is, brus, kaffi og noko søtt.

Det er lov å ta med eigen mat inn i parken, og me har 2 gassgrillar du kan låne gratis. Det er ikkje tillatt med eingongsgrill i Mikkelparken.

Inngangen til parken er den einaste bemanna kassen der me tek imot kontantar. Me vil helst unngå betaling med kontant, så me oppfordrar til å bruke kort alle plassar.

Underhaldning

Våre show og framsyningar må rette seg etter restriksjonane frå myndigheitene om “offentlege arrangement”, så det kan variere kor mange me kan tillate på desse framsyningane. Me vil oppdatere programmet vårt etter kva som er tillatt. Me vil teikne opp familiesirklar slik at det er lettare å oppretthalde avstand til andre familiar.

Tuttetid med Mikkeline og Blinkskot med Mikkel og venene vil gjennomførast, men det vert dessverre ikkje høve til nærkontakt/klemming med Mikkeline eller nokre av dei andre maskotane. Me håper foreldre hjelper borna med å halde avstand.

Borna sine forventningar

Snakk gjerne med dine born om forventningar til besøket i Mikkelparken før avreise. Det kan vere fint for borna å vere førebudde på at nokre attraksjonar ikkje er heilt som vanleg.

Me vil oppdatere denne sida løpande etter kvart som det kjem ny informasjon frå myndigheitene og etter eigne vurderingar. Kontakt oss gjerne på info@mikkelparken.no eller tlf. 53671313 dersom du har spørsmål du ikkje fekk svar på her.