Informasjon om attraksjonar i Mikkelparken etter flaumen den 23.07.23.

Oppdatert 26.07.23

Den 23.07.23 vart deler av Mikkelparken ramma av ein bekk som flaumde over og gjorde skade på nokre av attraksjonane våre. Området med bilbanane og krasjbåt vart hardast ramma og er inntil vidare avstengd på grunn av dei påførte skadane.

Attraksjonane som vil vere stengt inntil vidare er bilbanane og krasjbåt. Grunna omfattande skadar forventer me ikkje å kunne opna desse attraksjonane igjen i løpet av sesongen 2023. Pop-up bilbane er opna på område ved Grashoppa.
Alle andre attraksjonar i Mikkelparken er opne som normalt.

Som nye tiltak har Mikkelparken laga ein midlertidig bilbane, nedanfor attraksjonen «Grashoppa». Denne bilbanen vil fungere ut sesongen.
Me har òg gjort fleire av betalingsattraksjonane våre gratis inntil vidare, det vil seie at alle barn opp til 12 år får kupongar til kjekke (no gratis!) aktivitetar i inngangen ved ankomst!

Begrensa antal billettar!

På grunn av at området vårt er innskrenka på grunn av skadar ved flaumen, har me sett det nødvendig å redusere antal billettar i Mikkelparken

Det er difor svært viktig at alle som planlegger å besøkje parken booker billettar på førehand, då det no er færre billettar tilgjengelige og det kan fortare bli utseld.
Det vert ikkje selt billettar i inngangen dei dagane det er utselt i parken, så det er veldig viktig at ein kjøper billett før du køyrer avgårde mot Mikkelparken.

Du kan forhåndskjøpa billettane til Mikkelparken her

Me i Mikkelparken er svært lei oss for skaden som har skjedd på parken, og at me har behøvd å stenge visse attraksjonar. Me er derimot svært glade for at skaden er begrensa, og for at me kan fortsetje å ta imot nye barnefamiliar resten av sesongen, og fortsetje å skape gode barndomsminner i Mikkelparken!