Tryggleiksvakt (under 18år)

Arbeidsskildring

Mikkelparken sin visjon er å skape gode barndomsminner. Som tryggleiksvert vil du ha ansvar for at gjestene bruker attraksjonane på ein forsvarleg måte og aktiviteten foregår trygt og trivelig. Arbeidet inneber rullering mellom andetrøbåt, bilbane og produksjon av sukkerspinn. Det er viktig å rettleie gjestene, hjelpe dei med å bruke båtar og bilar, samt produsere sukkerspinn på ein hygiensik og effektiv måte

Tryggleik, trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet. For å jobbe som tryggleiksvert i Mikkelparken må ein vere fylt 14 år, og vera komfortabel med å kommunisera med nye menneske kvar dag. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og god innsatsvilje. Tryggleiksvert rapporterer til sesongleiar for tryggleiksvertane, og ellers til dei andre sesongleiarane i Mikkelparken.

Oppåver og ansvarsområde

  • Hjelpe born og vaksne til å leike på ein trygg måte
  • Sørgje for at utstyr er desinfisert og klar til bruk
  • Kontrollere, med hjelp as sjekkliste, at attraksjonane er trygge og klar til bruk
  • Hjelpe gjesten med dei spørsmåla dei måtte ha
  • Sjå risikoar og avvik, og rapporterer desse
  • Produksjon av sukkerspinn på ein hygienisk og effektiv måte

Som tryggleiksvert bør du vere:

  • Glad i å samhandle med menneske (gjester og medarbeidarar)
  • Opptatt av tryggleik
  • Samarbeidsvillig
  • Oppmerksam
  • Effektiv og nøyaktig i produksjon

Denne stillinga passar godt for deg som trivst i eit sosialt arbeidsmiljø, og er ansvarleg og likar å skape gode opplevingar for barn og familiar.

Arbeidstidene for tryggleiksvakt (under 18 år) er mellom 5-6 timar. Du kan forvente å ha mellom 3-5 vakter per veke. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.