Jobb i Mikkelparken

Revidert 20.11.23. Lagt til punkt 4 under «Kven kan søkje hjå oss»

Visjonen til Mikkelparken er å skape gode barndomsminner.
Kvar sommar bidreg rundt 50 ungdommar til å oppfylle nettopp dette. Gjennom sesongens 70 opningsdagar, står våre engasjerte og dyktige medarbeidarar og ynskjer gjester velkomen, skapar gode opplevingar og hjelper med stort og smått. Med ein god blanding av faste ansatte, erfarne sesongmedarbeidarar og nytt mikkelvertskap, skapar me ein kjekk arbeidsplass med fokus på verdiane våre: tryggleik, samarbeid og trivsel.

Me i Mikkelparken ynskjer å gje våre medarbeidarar ein god start på arbeidslivet og ein viktig erfaring ein kan ta med seg i framtida. Me er ein av dei største arbeidsgivarane for ungdom i Hardanger, og det er noko me er stolte og glade for. Med ein god attest frå Mikkelparken, kan du i tillegg bli ein attraktiv kandidat hjå andre arbeidsgivarar i framtida!

Fordelar ved å jobbe i Mikkelparken:

  • Verdifull erfaring på CV’en
  • Relevant kurs, til dømes brannvernkurs, HLR og hjartestartar, IK Mat kurs.
  • Sosiale samankomster
  • Eit sosialt arbeidsmiljø – kanskje nokre nye vener?

Kven kan søkje hjå oss?

  • Du som fyller 14 år under året du jobbar hjå oss
  • Bur eller har overnattingsmoglegheit i nærleiken av Mikkelparken (Mikkelparken har ikkje moglegheit til å hjelpe med å finne husvære)
  • Snakkar norsk (av tryggleiksmessige årsaker)
  • Du må kunne arbeide minimum 4 veker av opningssesongen

Korleis foregår rekrutteringsprosessen?
I desember/januar opnar me for å søkje sommarjobb ved at du fyller ut eit søknadsskjema med ein del spørsmål om deg. Dette skjemaet vil vere tilgjengeleg når søknadsprosessen er i gang, og me publiserer dette i sosiale medier lokalt i Kinsarvik og omegn. Du kan også kontakte oss for å få tilsendt link til skjemaet. Etter søknadsfristen vil me gå gjennom søknadane og deretter invitere til gruppeintervju, før du får til slutt får svar av oss om du har fått jobb.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for sesongen 2024 er stengt. Me ynskjer å takke alle som har vist interesse for sommarjobb hos oss!