Revidert 14.01.2022. Lagt til punkt nr. 6 om Mikkelbuffet.
Revidert 01.12.2021. Oppdatert avbestillingsreglar, husdyr og reinhald. Korrigering av skrivefeil. Alle bookingar frå publiseringsdato føl dei nye avbestillingsvilkåra.
Viktig: Bestilling er kun gjennomført når epost bekreftelse er mottatt!
For grupper gjelder eigne bookingreglar.
Vilkår for bestilling av Mikkelparken sine produkter – billettar, sesongkort, overnatting og andre tilleggsprodukt.
Du er sjølv ansvarleg for å oppgi korrekt informasjon, herunder korrekt stava namn, adresse, e-postadresse eller telefonnummer. I motsatt tilfelle, kan du bli belasta for kostnadar som måtte oppstå som følgje av feil.
Mikkelparken tar ikkje ansvar for bestillingar som på grunn av tekniske problemer ikkje er kome Mikkelparken i hende.
Ved bestilling av fleire hytter/leilegheiter kan me dessverre ikkje garantera att dei ligg ved sidan av kvarande med mindre du har bestilt spesifikke einingar.
Innsjekking hytter/leiligheter og luksustelt frå kl 15:00 og utsjekking før kl 11:00. Camping frå 15:00 og utsjekk før kl 13:00.
1.BOOKING AV OVERNATTING/BILLETTAR:
Desse bookingreglane gjeld som kontrakt for overnatting/billettar.
2.LEIGETAKAREN SITT ANSVAR
Den som bestiller må vera over 20 år. Dette gjeld òg for den som er ansvarleg på hytta/leilegheita under opphaldet.
3.BETALINGSVILKÅR
Ved nettbestilling må overnatting/billettar betalast straks. Dersom de bestiller via epost eller tlf, vil de få tilsendt ein betalingslink på e-post for å gjennomføre betalinga. Betaling må skje seinast 14 dagar før ankomst. Betaling ved ankomst skjer kun etter avtale.
4.Endring og avbestilling av inngangsbillettar til Mikkelparken
Du kan alltid avbestille bookingen din innan 24 timar etter kjøpstidspunktet på Min side, dersom dei ikkje allereie er blitt tatt i bruk.
Unntak: du kan ikkje avbestille samme dato som produktet (f.eks. inngangsbilletten) gjeld for. Det betyr at dersom du har kjøpt ein inngangsbillett til Mikkelparken dagen før du skal besøke parken, kan du ikkje avbestille på Min side dagen etterpå (bruksdagen) sjølv om dette er innanfor 24 timar.
Avbestillingar som skjer etter 24-timars fristen vil ikkje bli refundert.
Endring av billettar:
Du kan endre dato på inngangsbillettar fram til 14 dagar før bruksdagen (datoen på billetten). Dersom du ynskjer å endre billetten din, gjer du dette på Min side. Ved telefonhenvendelse kjem eit administrasjonsgebyr på kr 30,- pr billett ved endring. Ved endring blir billetten din avbestilt, og du vil få ein verdikode/gåvekortkode som du bruker som betalingsmiddel ved kjøp av nye billettar.
Ver merksam på at prisane er dynamiske, og endring av billettar kan medføre ekstra kostnad.
Det er ikkje mogleg å endre dato på billettar når det er mindre enn 14 dagar til bruksdato.
Ved booking av overnatting og overnatting med billettar, kan ein velgje mellom BASIS og FLEX prisar.
BASIS bookingar har den billigaste prisen og kan ikkje avbestillast eller endrast etter 24 timar frå kjøpstidspunktet. BASIS bookingar må betalast ved bookingtidspunktet.
FLEX bookingar kan avbestillast og endrast heilt fram til 2 dagar før ankomstdato, seinast kl. 15:00. Det kjem til eit administrasjonsgebyr på 100 NOK ved kvar endring av bookingen. Ved avbestilling innan denne fristen, refunderer me det fulle innbetalte beløpet, minus 100 NOK i administrasjonsgebyr.
Endring og avbestilling av bookingar med overnatting, kan gjerast på mail til info@mikkelparken.no eller tlf til 53671313.
6. Endring og avbestilling av produkt «Mikkelbuffet»
Ved forhåndskjøp av Mikkelbuffet, kan ein endre/avbestille produktet fram til 2 dagar før bruksdato (dato ein har bestilt Mikkelbuffet til).
7.ANDRE VILKÅR
Eige musikkanlegg må ikkje brukast slik at andre gjester vert uroa. Det er forventa at leigetakar tar hensyn til dei andre gjestene som er her. Dersom nokon uroar andre vil det verta påtale, og om ein ikkje rettar seg etter den vil ein måtta forlata plassen og leigesummen vert i slike tilfelle ikkje refundert.
Øydelagt inventar, utstyr, annan skade på eigendom kan verte etterfakturert.
8.HUSDYR
Husdyr er dessverre ikkje tillatt i hyttene og leilegheitene. Husdyr er tillatt i luksustelta mot eit gebyr.
9.REINHALD
Reinhald er inkludert i bestillingen ved leige av hytte, leilegheit og luksustelt. Ved avreise må hytta/leilegheita/luksusteltet vera i same stand som den var då de kom. Me ynskjer at du tømmer søppel og set på oppvaskemaskina før avreise. Evt. leigd sengetøy må takast av sengene og leggast i posen sengetøyet kom i.
10.FORBEHALD/FORCE MAJEURE
Mikkelparken er ikkje ansvarleg for forhold utanfor vår kontroll.
11.RØYKEFORBUD
Det er ikkje lov å å røyka i hyttene/leilgheitene/luksustelta våre.
12.REKLAMASJON – MANGEL
Eventulle reklamasjonar under opphaldet skal rettast til personalet i resepsjonen, evt. via epost: info@mikkelparken.no eller på tlf 53671313.
13.KUNDEDATA/PERSONOPPLYSNINGAR
Kundedata/personopplysningar blir ikkje blir delt med, eller solgt til, ein tredje part. Alle kundedata/personopplysningar blir oppbevart i henhold til norsk lov. Mikkelparken kan sende deg informasjon angåande produkt, tenester eller hendingar som kan vere av interesse for deg ut ifrå ditt kjøp.
14.Juridisk ansvarlig
Hardangertun Hytter og Familiepark AS er juridisk ansvarlig for kredittkort-transaksjonar gjort gjennom denne nettsida.
Mikkelparken revidert 01.04.2021
Mikkelparken Ferietun
Kinsarvikvegen 64
5780 Kinsarvik
Norge
Org nr 878 707 192
Bestilling/informasjon
Telefon: 53 67 13 13
E-post: info@mikkelparken.no