Bassenga er opne alle opningdagar Mikkelparken er open.
Mikkelparken har eigne badevaktar med livredningskurs, men alle barn må likevel bade i lag med vaksne som kan symje.
Gjer deg kjent med kor kor djupt bassenget er. I Mikkelparken er djupna i bassenga 40 cm, 80 cm, 1,1 m og 1,2 m. Det er også to stk. plaskebasseng med 25 cm djup.
Ein må vere minimum 1 m og 30 cm høg for å kunne skli i den store vannsklia. Ikkje skli med hovudet først i vasskliene , og ikkje skli for tett.
Alle barn som brukar bleier må ha badebleier på seg når dei er i bassenget og i spruteanleggjet. Badebleier kan ein kjøpe i butikken i inngangsbygget.
Alle bassenga i Tropefryd har oppvarma vatn og held ca. 30 grader.
I badelandet Tropefryd er det avlukke til å skifte i. Dei er to lilla bygg i badelandet – eitt ved den store vassklia og eitt ved sputeanlegget. Dusjane er ved siden av skifterommet i Tropefryd og ved det øvste bassenget.
Det er mogleg å oppgradere dagsbilletten din til 2-dagarbillett. Dette må gjerast før ein reiser frå Mikkelparken dag 1 hos ein av våre medarebeidarar i inngangen til Mikkelparken.
Det er ikkje mogleg å oppgradere billetter dagen etterpå og dag 2 billetten er kun gyldig påfølgande dag.
Du kan endre dato på inngangsbillettar fram til 14 dagar før bruksdagen (datoen på billetten). Dersom du ynskjer å endre billetten din, gjer du dette på Min side. Ved endring blir billetten din avbestilt, og du vil få ein verdikode/gåvekortkode som du bruker som betalingsmiddel ved kjøp av nye billettar.
Du kan alltid avbestille bookingen din innan 24 timar etter kjøpstidspunktet dersom billettane dine ikkje allereie er blitt tatt i bruk. Avbestilling skjer på e-post eller telefon.
Unntak: du kan ikkje avbestille samme dato som produktet (f.eks. inngangsbilletten) gjeld for. Det betyr at dersom du har kjøpt ein inngangsbillett til Mikkelparken dagen før du skal besøke parken, kan du ikkje avbestille på Min side dagen etterpå (bruksdagen) sjølv om dette er innanfor 24 timar.
Avbestillingar som skjer etter 24-timars fristen vil ikkje bli refundert.
Me har eigne prisar for honnør. Du kan kjøpe honnørbillett dersom du er 67 år eller eldre, eller har eit honnørkort. Honnør rabatten gjeld ikkje for sambuaraar/ektefeller.
Barn under 2 år treng ikkje billett for å besøkje Mikkelparken. Så snart barnet er fylt 2 år, må dei ha billett.
Bursdagsbarn som er 12 år eller yngre, kjem gratis inn i Mikkelparken på bursdagen sin. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett ved dagsbesøk. Dersom ein skal besøkje Mikkelparken 2 dagar, kjøper du billett til bursdagsbarnet den dagen dei ikkje har bursdag.
Ledsagar med ledsagarbevis kjem gratis inn i Mikkelparken. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett eller registrerast før ankomst. Ledsagarbevis skal visast i inngangen til Mikkelparken.
Alle personar, både vaksne og barn som er 2 år eller eldre treng billett for å kome inn i Mikkelparken. Det er ingen prisforskjell på barn og vaksne. Eigne reglar gjeld bursdagsbarn under 12 år, honnør og ledsager.
Det er eit begrensa antal billettar til Mikkelparken. For å vere sikra inngang anbefaler me å kjøpe billett på nettsida vår før ankomst.
Spar Kinsarvik ligg ca. 400 meter frå Mikkelparken og Mikkelparken Ferietun. Ferskvareavdeling med lokalmat, heimalaga varm- og kald mat, og fersk fisk. I underetasjen er det utvalg av garn, jernvareavdeling, leiker og kjøkkenutstyr. Opningstider høgsesong; Kvardagar 08:00-20:00. Lørdag 08:00-20:00. Søndag 12:00-18:00. Opningstider kan avvike frå høgsesong til lavsesong.
Det er ikkje sal av alkohol i Mikkelparken og det er ikkje tillat å ta med eigen alkohol.
På Mikkelparken Ferietun har me skjenkeløyve, og det er mogleg å kjøpe øl, sider og vin i resepsjonen som kan nytast i ein av våre matsalar.
I Mikkelparken må de gjerne nyte medbrakt mat og drikke. Bruk våre piknik bord som er plassert rundt omkring i heile parken.
Mikkelparken har eigne gassgrillar de kan nytte utanfor leikelandet Karibia. Det er ikkje tillat med eingongsgrill. Me følgjer Brannvesenet sine anbefalingar om grilling/grillforbod. Ta gjerne med eigne redskaper som t.d. pølseklype
På Mikkelparken Ferietun har me to stk. gassgrillar til utlån mot eit lite gebyr. På Mikkelparken Ferietun kan ein nytte eigne grillar så lenge ein følgjer brannvesenet sine anbefalingar og griller på ein trygg måte. Det er ikkje tillatt med eingongsgrill på Mikkelparken Ferietun.
Me gjer vårt beste for å ta hensyn til allergiar. Me har glutenfrie og melkefrie alternativ i Solkro, og dersom det ikkje ligg ute, har me alternativ til det meste som me lagar direkte ved forespørsel. Informer gjerne våre medarbeidarar som jobbar på serveringsstaden dersom du har allergi eller ynskjer vegetar/vegansk alternativ.
I Mikkelparken er det fleire kioskutsal med sjølvbetjente kassar der de kan kjøpe kaffi, is, brus, slush og diverse snacks.
Sjølvbetjente kioskar fins med bilbanen, Tropefryd og på torgterrassen.
I helger i mai, juni, august og september tilbyr Mikkelparken Ferietun ofte pizza takeaway kvar fredag og laurdag.
Sjekk med resepsjonen for å få det oppdaterte tilbodet.
Frå 29.06.24 – 10.08.24 tilbys det Mikkelbuffet på Mikkelparken Ferietun. Mikkelbuffet er ein middagsbuffet med varme og kalde rettar, samt ubegrensa med kuleis!
Mikkelbuffet kan reserverast på forhånd via linken nedanfor. Det er også mogleg å droppe inn visst det er ledig kapasitet. Me anbefaler å booke på forhånd, så vil du også få drikke (iste og juice) inkludert til maten.
I Mikkelparken er det 2 serveringsstader du kan kjøpe varm mat.
Solkro har ulike varme og kalde rettar, som til dømes hamburger, bakt potet, fiskekaker, salatar m.m.
Skoskogen serverer pizza, påsmurte baguettar og diverse bakst.
I Mikkelparken kan de nyte ein tur med Mikkeltoget der de får sjå masse spennande frå Solbjørn sin hage. På turen møter de også på litt ruskevær!
Mikkeltoget køyrer frå 10.00 til 16.30 kvar dag.
Det er kun lov å røyke i Mikkelparken på anvist plass. Røykeplassen finn du nedenfor Solkro kafe.
Alle gjengløymte ting vert tatt vare på i ein kort periode. Har du gløymt noke i Mikkelparken, ta så fort som mogleg kontakt på e-post: info@mikkelparken.no med ei skildring av kva du har gløymt att og ca. kva område du trur du har mista det.
Me sjekker i hittegodsavdelinga vår, og svarer deg tilbake så snart som mogleg. Etter ca. 2 veker vil klede og anna som ikkje har blitt etterlyst bli donert eller kasta.
Du kan ta med eigen barnevogn eller tralle inn i Mikkelparken. Me har dessverre ikkje utleige av barnevogner eller traller på plass.
Det er mogleg å kome seg rundt i rullestol i Mikkelparken, men det er enkelte gangstiar som har litt bratt helling. Det er handicaptoalett i Mikkelparken, ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.
Det er stellebord på familierommet ved Solkroa og i leikelandet Skoskogen. Det er dessverre ikkje eigne ammerom i Mikkelparken, men ein står heilt fritt til å amme kvar ein vil. Det er mellom anna mjuke sofaer i leikelandet Skoskogen og Karibia.
Mikkelparken sel badebleier. Hygieneartiklar som bind og tampongar kan du kjøpe på matbutikken SPAR som ligg ca. 400 meter frå Mikkeparken.
Det er toalett ved Solkroa, Skoskogen, Tropefryd og Bilbanen. Det er óg handicaptoalett ved inngangsbygget, skoskogen og ved bilbanen.
Det er dessverre ikkje tillatt å ta med hund eller husdyr inn i Mikkelparken, men me har gratis hundeparkering utanfor parken. Der har me hundebur med lås som er plassert i ei lita treklynge som skuggar for sola. Du får utlevert hengelås i kassa i inngangsbygget, og må registrere namn og telefonnummer. Me har 8 hundebur og ein kan dessverre ikkje reservere plass i hundeparkeringa.
NB: Førarhundar er tillatt i Mikkelparken
På parkeringsplassen utanfor Mikkelparken er det 8 ladeplassar for elbil, drifta av Recharge: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 4 stk. På Esso-stasjonen i Kinsarvik sentrum er det 4 ladeplassar drifta av Mer: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 2 stk.
Det er ikkje tilrettelagt for lading av elbil på Mikkelparken Ferietun.
Mikkelparken har gratis parkering og parkeringsplass like utanfor parken. På parkeringsplassen rett ved Mikkelparken er det plass til ca. 140 bilar. Dersom det er fullt på parkeringen når du kjem, vil det vere mogleg å parkere andre plasser i Kinsarvik, til dømes ved Hardanger Bestikk, kyrkja eller Esso Stasjonen. Dette er i gåavstand, ca. 300 – 600 meter frå inngangen til parken.
Reiser du frå Stavanger/Haugesund, kan du ta buss til Odda. Der må du bytte til ny buss som vert utført av Skyss på strekninga Odda-Kinsarvik. For å sjekke bussruter frå Stavanger eller Haugesund til Odda, kan du besøke www.nor-way.no
I hardanger/Voss går det buss med busselskapet Skyss. For meir informasjon om rutetider, bruk reiseplanleggaren på www.skyss.no
Det går båt kvar dag tur/retur frå Norheimsund til Kinsarvik.
Avgang frå Nordheimsund 09.00 som er i Kinsarvik 10.33. Retur frå Kinsarvik til Nordheimsund 16.35 som er i Norheimsund 18.10.
Båten er også innom Herand, Utne og Lofthus på veg mot Kinsarvik.
For meir informasjon besøk www.norled.no (ferjerute 2095).