Opningstider og billettprisar

Pris er per person frå 2 år og oppover. Ope 10-18 kvar opningsdag.

Billettinformasjon

Kven treng billett?

Alle personar (både vaksne og barn) som er 2 år eller eldre, treng billett for å kome inn i Mikkelparken. Det er ingen prisforskjell på barn eller vaksen. Eigne reglar gjeld bursdagsbarn under 12 år, honnør og ledsagarar.

Begrensa antal billettar

Det er begrensa antal billettar til Mikkelparken. For å vere sikra inngang i Mikkelparken, må du difor kjøpe billett på nettsida før ankomst.

Opningstider

Mikkelparken er ope frå kl. 10:00 - 18:00 kvar opningsdag. Du kan gå inn og ut av parken gjennom heile dagen.

Honnør

Me har eigne billettar for honnør. Du kan kjøpe honnørbillett dersom du er 67 år eller eldre, eller har eit honnørkort. Honnørrabatten gjeld ikkje for sambuarar/ektefeller.

Ledsagar med ledsagarbevis

Ledsagar med ledsagarbevis kjem gratis inn i Mikkelparken. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett eller registrerast før ankomst. Ledsagarbevis skal visast i inngangen til Mikkelparken.

Bursdagsbarn under 12 år

Bursdagsbarn som er 12 år eller yngre, kjem gratis inn i Mikkelparken på bursdagen sin. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett, og treng ikkje registrerast før ankomst. Du kan gjerne vise bilde av pass eller annan ID for å vise fødselsdato på barnet ved inngangen til Mikkelparken, men det er ingen krav. Det er kun på sjølve bursdagen at barnet kjem gratis inn i Mikkelparken.

Barn under 2 år

Barn under 2 år kjem gratis inn i Mikkelparken. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett, og treng ikkje registrerast før ankomst.

Avbestilling/Angrerett av billettar

Du kan alltid avbestille bookingen din innan 24 timar etter kjøpstidspunktet på, dersom dei ikkje allereie er blitt tatt i bruk. Avbestilling skjer på e-post eller telefon.

Unntak: du kan ikkje avbestille samme dato som produktet (f.eks. inngangsbilletten) gjeld for. Det betyr at dersom du har kjøpt ein inngangsbillett til Mikkelparken dagen før du skal besøke parken, kan du ikkje avbestille på Min side dagen etterpå (bruksdagen) sjølv om dette er innanfor 24 timar.

Avbestillingar som skjer etter 24-timars fristen vil ikkje bli refundert.

Endring av billett

Du kan endre dato på inngangsbillettar fram til 14 dagar før bruksdagen (datoen på billetten). Dersom du ynskjer å endre billetten din, gjer du dette på Min side. Ved endring blir billetten din avbestilt, og du vil få ein verdikode/gåvekortkode som du bruker som betalingsmiddel ved kjøp av nye billettar.

Praktisk informasjon

Mat og drikke

I Mikkelparken har me to kaféar og fleire sjølvbetjente kioskar.

Solkroa har lunsjtallerken med smakfull hamburger, lokal "Vossapølsa", potetsalat og noko grønt. Skoskogen serverer pizza, diverse bakst og påsmurt/grab n' go produkter.

Sjølvbetjent salgsvogn ved Krasjbåtane har is, brus, slush , kaffe o.l. Tropefryd har sjølvbetjent kiosk i bassengområdet med is, kaffe, brus, slush o.l.

Mikkelparken sel babymat og har mikrobølgeovn til oppvarming av vatn o.l.

Det er ikkje tillatt med alkohol i Mikkelparken.

Allergiar og veganske alternativ

Me gjer vårt beste for å ta hensyn til allergiar. Me har mykje glutenfritt og melkefritt, og dersom det ikkje ligg ute, har me alternativ til det meste som me lagar direkte ved forespørsel. Informer gjerne våre medarbeidarar som jobbar på matstasjonen dersom du har allergi eller ynskjer vegetar/vegansk alternativ.

Grilling

Mikkelparken har eigne grillar de kan nytte utanfor leikelandet Karibia . Det er ikkje tillat med eingongsgrill. Me følgjer Brannvesenet sine anbefalingar om grilling/grillforbod.

Rullestol

Det er mogleg å vere i rullestol i Mikkelparken, men det er enkelte gangstiar som har litt bratt helling. Det er handicaptoalett i Mikkelparken, ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.

Barnevogn

Ein kan ta med seg eigne barnevogner inn i Mikkelparken. Me har ikkje barnevogn til utleige.

Hund/husdyr

Det er dessverre ikkje tillatt å ta med hund eller husdyr inn i Mikkelparken, men me har gratis hundeparkering utanfor parken. Der har me hundebur med lås som er plassert i ei lita treklynge som skuggar for sola. Du får utlevert hengelås i kassa i inngangsbygget, og må skriva opp namn og telefonnummer. Me har 8 hundebur og ein kan dessverre ikkje reservere plass i hundeparkeringa.

Førarhund

Det er tillatt med førarhund i Mikkelparken.

Toalett

Det er toalett ved Solkroa, Skoskogen, Tropefryd og Bilbanen. Det er óg handicaptoalett ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.

Toalettartiklar

Mikkelparken sel bleier og badebleier. Bind og tampongar kan du kjøpe i resepsjonen på Mikkelparken Ferietun.

Skifterom og dusjing

Ved badelandet Tropefryd er det avlukke til å skifte i, i dei lilla byggene. Det er utandørs dusjar med oppvarma vatn. Dusjane er ved skifteromma og ved den store vassklia i Tropefryd.

Stellerom og amming

Det er stellebord på handicaptoalettet ved Solkroa og i leikelandet Skoskogen. Det er dessverre ikkje eigne ammerom i Mikkelparken, men ein står heilt fritt til å amme kvar ein vil. Det er mellom anna mjuke sofaer i leikelandet Skoskogen og Karibia.

Hittegods

Alle gjengløymte ting vert tatt vare på i ein kort periode. Har du gløymt noke i Mikkelparken, ta så fort som mogleg kontakt på e-post: info@mikkelparken.no med ei skildring av kva du har gløymt att og ca. kva område du trur du har mista det. Me sjekker i hittegodsavdelinga vår, og svarer deg tilbake så snart som mogleg. Etter ca. 3 veker vil klede og anna som ikkje har blitt etterlyste bli donert eller kasta.

Røykjing

Det er kun lov å røyke i Mikkelparken på anviste plassar, nedanfor Solkroa, bak huset ved krasjbåtane og nedanfor leikelandet Karibia.

Matvarebutikk

Spar Kinsarvik. Stor ferskvareavdeling med lokalmat, heimalaga varm- og kald mat, og fersk fisk. I under etasjen er det utvalg av garn, jernvareavdeling, leiker og kjøkkenutstyr. Åpningstider; Kvardagar 08:00-20:00. Lørdag 08:00-20:00. Søndag 12:00-18:00.

Overnatt like ved Mikkelparken!

Overnatt like ved Mikkelparken!

Like ved Mikkelparken finn du Mikkelparken Ferietun, eit koselig ferietun i idylliske omgivnadar med familievenlege overnattingstilbod og camping. Her er det basseng, leikeplass og minigolf - og sjølvsagt kort veg til Mikkelparken!

Overnatting i nærleiken

Overnatting i nærleiken

Sjå kva andre overnattingstilbod som finns i Kinsarvik og nærområdet.

Tryggleik i Mikkelparken

Brann

Det er brannsløkkjingsutstyr i alle bygg i Mikkelparken.

Førstehjelp

Alle våre medarbeidarar har gjennomgått førstehjelpskurs. Dersom ein har behov for førstehjelp, tar ein kontakt med ein av våre medarbeidarar. Me har førstehjelpsskrin ved alle attraksjonar og i inngangsbygget og resepsjonen ved Mikkelparken Ferietun.

Hjartestartar

I Mikkelparken er det hjartestartar på veggen ved kassen i inngangsbygget. På Mikkelparken Ferietun er det hjartestartar på veggen i resepsjonen.

Nødutgongar

Visst det skulle bli nødvendig å evakuere Mikkelparken, er nødutgangane nedanfor Solkroa, ved dissestativet i nærleiken av andetrøbåtane og ved hovudinngangen til parken.

Sakna barn

Ta ein prat med borna før de besøker Mikkelparken om kva dei skal gjere visst de kjem bort i frå kvarandre. Det beste er at eit barn som ikkje finn foreldra, blir verande der dei er, framfor å begynne å leite etter foreldra, eller at de på førehand avtalar ein fast møteplass hvis de kjem bort i frå kvarandre. For dei minste barna er det lurt å skrive på armen e.l. navn og mobilnummer på ein føresatt, eventuelt bruke ID- armband.

Barna kan òg ta kontakt med personale i Mikkelparken. Dei skal vere lett synlege med grønn overdel med Mikkel-logo og svart/blå bukse. Finn me eit barn som har kome bort frå foreldra eller visst foreldre ikkje finn barnet sitt, har me faste prosedyrar for varsling og leiting

Feriefest!

Feriefest!

Mikkel si Scene
Kvar dag, kl. 12.00 og 16.30
Årets tema er FERIE!! Og me vil sjølvsagt feire denne deilige årlige tradisjonen kvar dag på Mikkel si scene. Mikkel og venene tar med seg sine mest tropiske, sommarslige og herlige songar og håper at alle born og vaksne tek turen til scena for å skape Feriefølelsen!  
Tuttetid med Mikkeline

Tuttetid med Mikkeline

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 13.30
Har du blitt for stor for tutten din? Då kan du kome til sceneteltet kl. 13.30 og gi tutten din til Mikkeline. Ho vert så glad for alle tuttane ho får!
Blinkskot med Mikkel og venene

Blinkskot med Mikkel og venene

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 15.00
Mikkel og venene står klare ved sceneteltet for å helse på deg, gje deg ein high five og ta eit kult bilete saman!!

Møte med Mikkel og venene

Hels på Mikkel og venene i form av klemmar og high five, dei stiller også alltid opp på bilete!

Badetemperatur

Alle basseng og spruteanlegget i Tropefryd har oppvarma vatn, ca 30 gradar.

Badereglar

Mikkelparken har eigne badevaktar med livredningskurs, men alle barn må likevel bade i lag med vaksne som kan symje.

Gjer deg kjent med kor kor djupt bassenget er. I Mikkelparken er djupda i bassenga 40 cm, 80 cm, 1,1 m og 1,2 m.

Ein må vere minimum 1 m og 30 cm høg for å kunne skli i den store vannsklia. Ikkje skli med hovudet først i vasskliene , og ikkje skli for tett.

Alle barn som brukar bleier må ha badebleier på seg når dei er i bassenget og i spruteanleggjet. Badebleier kan ein kjøpe i butikken i inngangsbygget.

Minigolf

Minigolfkøller og ballar kan de låne gratis på teikneterrassen.

Slik finn du oss!

Parkering

Mikkelparken har gratis parkering og parkeringsplass like utanfor parken. Dersom det ikkje er ledig på parkeringsplassen, kan du parkere ved Hardanger Bestikk, ca. 300 meter frå Mikkelparken.
Mikkelparken har handicap-parkering.

Lading av elbil

På parkeringsplassen utanfor Mikkelparken er det 8 ladeplassar for elbil, drifta av Recharge: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 4 stk. På Esso-stasjonen i Kinsarvik sentrum er det 4 ladeplassar drifta av Mer: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 2 stk.
Det er ikkje tilrettelagt for lading av elbil på Mikkelparken Ferietun.

Reise kollektivt

Reise med tog

Det går jamnleg tog frå Oslo/Bergen til Voss. Deretter kan du ta buss frå Voss til Kinsarvik.
Informasjon om togruter finn du på www.vy.no.

Reise med buss frå Hardanger og Voss

Buss frå Hardanger, Voss eller Odda vert utført av Skyss. Sjå deiran reiseplanleggar på www.skyss.no

Reise med buss frå Haugesund/Stavanger

Reiser du frå Stavanger/Haugesund, kan du ta buss til Odda. Der må du bytte til ny buss som vert utført av Skyss på strekninga Odda-Kinsarvik. For å sjekke bussruter frå Stavanger eller Haugesund til Odda, kan du besøke www.nor-way.no

Reise med hurtigbåt frå Norheimsund

I perioden 21.06 - 29.08 2021, går det hurtigbåt frå Norheimsund til Kinsarvik. Den har avgang frå Norheimsund kl. 09:00 og er framme i Kinsarvik kl. 10.33. Retur frå Kinsarvik kl. 15:00 og ankomst Norheimsund kl. 17:30. Billettar kan kjøpast på skyss.no.