Endeleg har me moglegheit til å igjen tilby sesongkort til Mikkelparken!
Med vårt sesongkort har du moglegheit til å besøkje Mikkelparen så mykje du vil i løpet av alle sesongens opningsdagar!
Sesongkorta er personlege og kan ikkje nyttast av fleire. Alle sesongkort skal registrerast med namn og bilete.
Med «Mellomsesongkort – utan juli» har du moglegheit til å besøkje Mikkelparken så mykje du vil alle opningsdagar i mai, juni, august og september. Dette sesongkortet er ein rimeligare versjon, og er ikkje gyldig på opningsdagar i juli.
Sesongkorta er personlege og kan ikkje nyttast av fleire. Alle sesongkort skal registrerast med namn og bilete.
Velg mellom «Sesongkort» og «Mellomsesongkort – utan juli». Sistnevnte er ein rimeligare variant, som er gyldig alle opningsdagar utanom juli.
Sesongkortet er digitalt og må bookast på nett. Ved bestilling, registrerer du namn og bilete på alle du bestiller for. Bilete må leggast inn ved registrering, og kan takast via kamera eller lastast opp frå mobil/data.
For å sikre ei god oppleving for både dagsbesøkjande og sesongkorhaldarar, vil me i 2022 tilby eit begrensa antal sesongkort.
Med sesongkort er du sikra inngang i Mikkelparken sjølv på dei dagane som er utseld for dagsbillettar.
Inne på Min Side kan du avbestille billettane dine mot ein verdikode (seinast 14 dagar før dato på billettane). Denne verdikoden kan du bruke som betaling/delbetaling ved kjøp av sesongkort. Verdikoden legg du inn under steg 4 av 5 i bestillingsprosessen der det står Verdikode/Gavekort nr. og kode.
Me har avskaffa plastkorta og vil framover kun ha digitale sesongkort. Så snart kjøpet ditt er gjennomført, får du ein kvittering på e-post. Trykk på knappen «sesongkort på Min Side», så vil du sjå alle sesongkort med QR kode og bilete under «billettar» på Min Side. Denne QR-koden skal du scanne ved kvart besøk i Mikkelparken.
Dersom du har kjøpt sesongkort for fleire personar, kan du dele sesongkortet med desse via ein link på sms, messenger, e-post eller anna. Linken fører dei inn til Min Side og til QR-koden med bilete. For å dele, må du trykke på dei tre prikkane oppe til høgre når du står inne på sesongkortet, og velgje «alternativer for deling».