

Mikkelparken sin visjon er å skape gode barndomsminner. Aktivitetsvertane våre har ansvar for at attraksjonane blir brukt på ein trygg og forsvarleg måte. Dette inneber blant anna å hjelpe og rettleie gjestene. I tillegg til ansvar for tryggleiken blir det lagt stor vekt på gjesteservice.
Som tryggleiksvakt under 18 år har du ansvar for attraksjonane Andetrøbåt og Bilbane i tillegg til produksjon av sukkerspinn og varepåfylling. Du har ansvar for å halde orden i køen og sjå til at reglane som er satt vert fulgt. Du møter i løpet av arbeidsdagen mange gjester og må også leggje vekt på deira trivsel, og like å kommunisere med barn. På attraksjonen Andretrøbåt må du vere sjølvstendig då det kun er ein tryggleiksvakt som arbeider her. På bilbanen vil det nokre dagar vere to tryggleiksvakter samstundes, men ellers må det også arbeidast sjølvstendig. Du vil rullere på dei ulike attraksjonane i løpet av dagen og vil ikkje vere på same ei heil vakt.
Arbeidstidene for tryggleiksvakt (under 18 år) er mellom 5-6 timar. Du kan forvente å ha mellom 3-5 vakter per veke.
Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.