


Som tryggleiksvakt basseng (over 18år) er det aller viktigaste å sjå til at alle er trygge og brukar bassenga og attraksjonane på ein trygg måte. I tillegg må du kunne møte gjestene våre med eit smil. I denne stillinga rullerer du på attraksjonane rundt basseng, Tropefryd basseng, Krasjbåt og Mikkeltoget.
Observere dei ulike attraksjonane og ha god oversikt over ditt område slik at du ser at attraksjonen vert brukt på ein forsvarleg og trygg måte. Dersom det skulle oppstå ein farleg situasjon i eitt av bassenga er det ditt ansvar å handle raskt og eventuelt starte livreddande førstehjelp før du får assistanse. Det er svært viktig at du forstår ditt ansvar og dine oppgåver ved denne stillinga.
Som Tryggleiksvakt (over 18 år) arbeider du mellom 7-8 timar. Alle som skal arbeide som Tryggleiksvakt (over 18 år) må delta på obligatorisk opplæring og gjennomføre brannvernkurs, førstehjelpskurs og hjertestartar gjennomgang med Røde Kors. Du vil også få intern opplæring i effektiv og trygg bassengobservasjon.