Me har vorte gjort oppmerksame på at det har skjedd eit sikkerheitsbrot hjå vår bookingsystem-leverandør CompuSoft AS. Dette kan føre til at enkelte av våre gjester vert utsatte for falske henvendingar via WhatsApp.
Me i Mikkelparken tek personvern og datasikkerheit på største alvor. Me vil her gje deg informasjon om kva som har skjedd, kva du bør passe på, og kva du skal gjere dersom du mottek mistenkelege meldingar.
Kva har skjedd?
CompuSoft AS, den danske leverandøren av vårt bookingsystem, vart råka av eit sikkerheitsbrot der ein uvedkomande fekk tilgang til bookingopplysningar. Tilgangen vart oppdaga og stoppa måndag 10. august, og det er ingen indikasjonar på at uvedkomande framleis har tilgang.
Me har gjort rede for hendinga og meldt dette som eit avvik til Datatilsynet. Gjester som er direkte berørte av sikkerheitsbrotet har også fått varsel på e-post.
Kva for opplysningar kan vere berørte?
Opplysningane som vår leverandør opplyser kan vere henta ut frå bookingsystemet inkluderer:
Navn
E-postadresse
Telefonnummer
Bustadland
Bookingopplysningar (som ankomst-/avreisedato, bookingnummer, kundenummer, fakturanummer og pris/booka eining)
Viktig å merke seg:
Ingen betalingskortopplysningar, bankinformasjon eller passord er berørte.
Ikkje alle opplysningane over er råka for kvart enkelt tilfelle.
Bestillinga di er framleis gyldig!
Har du ein reservasjon hjå Mikkelparken, er denne framleis gyldig.
Hugs at Mikkelparken ALDRI vil:
Kontakter deg via WhatsApp for å be om bekrefting av betalingsinformasjon.
Be deg oppgje kortinformasjon, BankID, passord eller eingongskodar via ei lenke i ein tekstmelding/WhatsApp.
Kva bør du gjere dersom du mottek ei mistenkeleg melding?
Dersom du får ein WhatsApp-melding som ber deg bekrefte booking eller betaling via ei lenke:
Ikkje klikk på lenka i meldinga.
Ikkje oppgje kortinformasjon, BankID eller tryggleikskodar.
Blokker avsendaren og rapporter meldinga som svindel dersom du er på WhatsApp.
Slett meldinga.
Har du alt klikka på ei lenke?
Dersom du berre opna lenka, men ikkje oppga noko informasjon eller installerte noko: Lukk nettlesaren/sida.
Dersom du oppga kort-/bankinformasjon eller godkjente noko med BankID: Kontakt banken eller kortutstedaren din umiddelbart for å sperre kort/konto. Dersom pengar er overførte, bør forholdet anmeldast til politiet.
Er du i tvil?
Er du usikker på om ei melding du har fått faktisk kjem frå Mikkelparken? Ta kontakt med oss direkte via info@mikkelparken.no eller på tlf. 53 67 13 13. Ikkje bruk telefonnummer eller lenker frå den mistenkelege meldinga.
Me beklagar så mykje for denne ulempa og bekymringa dette medfører for våre gjester!
Nokre kjappe tips for å unngå datasvindel:
Sjekk avsendar: Sjå nøye på e-postadressa eller telefonnummeret.
Ver skeptisk til hastverk: Svindlarar prøver ofte å skape ein situasjon der du må «handle no» for ikkje å miste reservasjonen din.
Skriv inn nettadressa sjølv: I staden for å trykke på lenker du får tilsendt, gå direkte til Mikkelparken.no i nettlesaren din