Oppdatert 06.02.2026
Viktig: Bestillinga er først gjennomført når du har mottatt ordrebekrefting på e-post. Dersom du ikkje har mottatt denne kort tid etter booking, må du kontakte Mikkelparken snarast.
For grupper gjeld eigne bookingreglar.
Desse vilkåra gjeld for bestilling av Mikkelparken sine produkt – billettar, sesongkort, overnatting og andre tilleggsprodukt.
Du er sjølv ansvarleg for å oppgi korrekt informasjon, herunder korrekt stava namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer. Ved feilinformasjon kan du verte belasta for kostnader som måtte oppstå. Mikkelparken tek ikkje ansvar for bestillingar som grunna tekniske problem ikkje er mottatt i våre system.
Ved bestilling av fleire hytter/leilegheiter kan me ikkje garantere at dei ligg ved sidan av kvarandre, med mindre du har bestilt spesifikke, nummererte einingar og fått dette stadfesta i ordrebekreftinga.
1. BOOKING AV OVERNATTING/BILLETTAR
Desse bookingreglane fungerer som kontrakt for overnatting og billettar mellom Mikkelparken AS (herunder Mikkelparken, Mikkelparken Ferietun og Sandvik Overnatting) og deg som kunde.
2. INNSJEKK OG UTSJEKK
3. LEIGETAKAREN SITT ANSVAR
Den som bestiller må vere over 20 år. Aldersgrensa gjeld òg for den som står som ansvarleg på hytta/leilegheita under opphaldet.
4. BETALING
4.1 Nettbestilling
Ved nettbestilling må overnatting/billettar betalast omgåande. Du kan betale med kort, Vipps, faktura eller delbetaling.
4.2 Betaling med faktura og delbetaling (Klarna)
Vel du faktura eller delbetaling, vert transaksjonen handtert av vår samarbeidspartnar Klarna AS. Ved fullføring av kjøpet overtek Klarna fordringa, og all vidare oppfølging skjer direkte gjennom deira system.
4.3 Betaling ved kjøp over telefon/e-post
Ved manuell bestilling over telefon eller e-post påløper eit bookinggebyr på kr 100,-. Du vil motta ordrebekrefting på e-post med betalingslenke.
Betaling ved ankomst vert berre akseptert etter særskild avtale.
5. OM INNGANGSBILLETTAR TIL MIKKELPARKEN
5.2 Sesongkort
Me tilbyr to typar sesongkort:
Vilkår for bruk:
6. ENDRING OG AVBESTILLING AV INNGANGSBILLETTAR
Du kan avbestille billettar innan 24 timar etter kjøpstidspunktet via «Min Side», føresett at dei ikkje er tekne i bruk.
6.2 Endring av billettar
Du kan endre dato på inngangsbillettar fram til 7 dagar før den opphavlege besøksdatoen. Det er ikkje mogleg å endre dato eller bytte billettar når det er mindre enn 7 dagar til besøket.
Endring kan skje på to måtar:
7. ENDRING OG AVBESTILLING – OVERNATTING MED/UTAN BILLETTAR
Reglar for endring og avbestilling av overnatting avhenger av vald priskategori. Ved bestilling av overnatting (med eller utan billettar) vel du mellom priskategoriane BASIS og FLEX. Reglane for vald kategori gjeld heile bestillinga, inkludert inngangsbillettar kjøpt i samband med overnattinga.
Betaling kan gjerast med bankkort, Vipps eller via Klarna.
7.1 BASIS (Lågpris) Dette er vårt rimelegaste alternativ for deg som er sikker på reisedatoen:
7.2 FLEX (Fleksibel) Gjev tryggleik dersom planane må endrast:
Henvendelsar om endring/avbestilling av overnatting skal skje til info@mikkelparken.no eller tlf 53 67 13 13.
7.3 Campingplass
Bestilling av campingplass må gjerast digitalt på mikkelparken.no. Me tek ikkje imot campingbestillingar via telefon/e-post. Same vilkår for BASIS og FLEX gjeld for camping som i punkt 7.1 og 7.2.
7.4 Refusjon og tilbakebetaling
Dersom du har krav på refusjon:
8. ENDRING OG AVBESTILLING AV «MIKKELBUFFET»
Ved førehandskjøp av Mikkelbuffet kan bestillinga endrast eller avbestillast kostnadsfritt fram til 2 dagar før den aktuelle datoen. Ved avbestilling etter denne fristen vert ikkje beløpet refundert.
9. TRIVSELSREGLAR OG ANSVAR
Me ønskjer at alle gjester skal ha eit triveleg opphald.
10. HUSDYR
11. REINHALD
Sluttreingjering er inkludert i prisen. Me ber likevel om at eininga vert forlaten i ryddig stand. Dette inneber å:
12. LADING AV ELBIL
Lading av elbil frå vanleg stikkontakt i hytter eller leilegheiter er strengt forbode grunna brannfare. Me viser til offentlege ladestasjonar i nærområdet:
13. HITTEGODS
Gjengløymde gjenstandar i Mikkelparken og på Mikkelparken Ferietun vert oppbevarte i 14 dagar. Saknar du noko? Send ein e-post til info@mikkelparken.no eller ring 53 67 13 13. Ver venleg å oppgi:
Gjesten må sjølv dekke porto ved eventuell ettersending.
14. PARKERING
Alternativ parkering: På travle dagar kan hovudparkeringa bli full. Me viser då til alternative parkeringsplassar (alle i gangavstand): utanfor Hardanger Bestikk, ved Kinsarvik kyrkje og vis-a-vis Esso i sentrum.
15. ATTERHALD / FORCE MAJEURE
Mikkelparken tek atterhald om driftsstans på attraksjonar, aktivitetar eller underhaldning som følgje av vêrforhold, tekniske problem eller force majeure. Det vert ikkje gjeve refusjon eller kompensasjon ved slike tilfelle.
16. RØYKEFORBOD
Røyking er strengt forbode innandørs i alle bueiningar. I Mikkelparken er røyking berre tillate i merkte røykesoner (sjå parkkart).
17. REKLAMASJON – MANGEL
Eventuelle feil eller manglar må meldast resepsjonen så snart som råd under opphaldet, slik at me får moglegheit til å rette det. Kontakt oss i resepsjonen, på info@mikkelparken.no eller tlf 53 67 13 13.
18. PERSONVERN (GDPR) Me handsamar personopplysningar i tråd med norsk lov. Informasjonen vert ikkje delt med tredjepart. Me kan nytte informasjonen til å sende relevant informasjon om produktet/tenesta du har kjøpt.
19. JURIDISK ANSVARLEG
Mikkelparken AS er juridisk ansvarleg for transaksjonar gjennomført på denne nettsida.
Adresse: Mikkelparken Ferietun Kinsarvikvegen 64, 5780 Kinsarvik Org.nr: 878 707 192
Kontakt: Telefon: 53 67 13 13 E-post: info@mikkelparken.no