Han har laga ein superfin song om heimplassen sin og den vil han gjerne dele med alle via ein kjempefin musikkvideo. Sjå kor flott det er i Hardanger og sjå kor glad Mikkel er for at han og Mikkelparken høyrer til i Hardanger!!
Hardangerpark Gokart held til på ein av dei flottaste banane i landet. Banen har ein lengde på heile 578 meter og ein breidde på 8 meter.
Her kan du leige kartar for vaksen og born, heilt frå 8 år. Banen er open i sommarhalvåret og for grupper etter avtale utanom opningstid. C-lisens, eigen kiosk, toalett/straum.
Eit steinkast frå Mikkelparken Ferietun ligg badelagunen i Kinsarvik. Her er det tilrettelagt badeplass for heile familien. Litt kaldt i vatnet, men grunt og barnevenleg.
Like ved badelagunen er det ein sandvolleyballbane som ein kan nytte gratis.

Den velkjente Husedalen med sine fire flotte fossefall vert rekna som den finaste innfallsporten til Hardangervidda.
Ein nydelig tur som passar dei fleste, også born frå ca. 4 år kan gå sjølve visst dei er vant til å gå.
Ein kan starte turen frå sentrum av Kinsarvik. Turstien «Fossastien» startar på høgre side av vegen når ein kjem opp frå sentrum og går langs elva til stien kjem inn på vegen legre oppe.
Det er også litt parkeringsplassar oppe i Husemoen, ved innkøyringen til Gokartbanen og skytebanen.
Ein reknar ca. 5-6 timar t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen.

H.M. Dronning Sonjas panoramatur – Dronningstien – er ein av dei mest populære turane i Hardanger og også i Noreg. Start turen frå Røthe ovanfor Kinsarvik og gå ned på Lofthus. Turen har nydelig utsikt heile vegen. Pass på å kjøp deg litt forfriskande ferskpressa eplesaft frå fruktgardane på Lofthus, og sett deg gjerne ned på Kafeen Fløy eller Ekspedisjonen Sjenkestove i Lofthus Sentrum før du returnerer til Kinsarvik. Informasjon om transport til/frå Dronningstien og Lofthus finn du her

Saknar du Mikkel og venene? Her har du eit hefte med kjekke oppgåver, rebusar og fargelegging, som du kan skrive ut og ta i bruk når som helst.