Badebasseng på Mikkelparken Ferietun

På Mikkelparken Ferietun har me eit utandørs oppvarma badebasseng. Bassenget har ein barnedel som er 40 cm djup, og ein som er 110 cm djup. Opningstid i høgsesong (når Mikkelparken er open) er frå kl. 09:00 – 21:00. Opningstider utanom dette kan variere, sjekk gjerne med resepsjonen ved ankomst. Det er ingen badevakt, barn må alltid bade under tilsyn av ein vaksen. Ved bassenget finns det toalett og dusj. Det er gratis for alle gjester på Mikkelparken Ferietun og Sandvik Overnatting å bruke bassenget.