
Frå 27.06.26 – 08.08.26 vert det tilbydd Mikkelbuffet på Mikkelparken Ferietun. Mikkelbuffet er ein middagsbuffet med varme og kalde rettar. Her har me fokus på heimalaga og lokal mat, samt mat som kan friste både store og små. Eit utval av dessertar og ubegrensa med kuleis er óg inkludert i prisen!
Sikre deg plass på den populære middagsbuffeten via linken nedanfor. Buffeten er open frå 16:30 – 19:30, og du kan booke plass frå 16:30 eller frå 18:00.
Det er også mogleg å droppe inn visst det er ledig kapasitet, men me anbefaler å booke på forhånd då det kan bli fullt visse dagar.
OBS: Kun mogleg å forhåndsbooke fram til 1 time før buffeten startar!