Gjesteservice inngangen

Arbeidsskildring

Mikkelparken sin visjon er å skape barndomsminner. Som medarbeidar i inngangen til Mikkelparken er du ein viktig del av gjestenes første og siste møte med parken, og har eit stort ansvar for å gi dei eit godt første- og sisteintrykk. Tryggleik trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet.

Du skal sørgje for at gjestene kjem seg raskt og effektivt inn i parken, gi god gjesteservice og sikre meirsal i butikken. Du skal passe på at alle har billett, svare på spørsmål, og gi god service. Inngangen er òg ansvarleg for å organisere utleige av hundebur.

Inngangsverten rapporterer til sesongleiaren for inngang i Mikkelparken, og elles dei andre sesongleiarane i parken.

Oppgåver og ansvarsområde:

  • Scanning av førehandskjøpte billettar
  • Bruke bestillingssystem til registrering av ulike typar billettar, samt å søkje opp gjester som ikkje finn billetten sin
  • Svare på spørsmål og gi god service og informasjon til gjestene
  • Kjennskap til opningstider, billettypar, attraksjonar, fasilitetar, mattilbod og prisar i Mikkelparken
  • Sal av leiker, Mikkelprodukt og kioskvarer
  • Premiering av gullgraving
  • Halde inngangen og området utanfor ryddig og reint til ein kvar tid, samt sørgje for at det er korrekte prislappar på varer
  • Desinfisere kontaktflater i inngangen hyppig
  • Halde Tropefryds sjølvbetjeningsområde reint og ryddig
  • Registrere og dele ut hengelås til hundebura utanfor inngangen

Som medarbeidar bør du vere:

  • Blid og imøtekommande
  • punktleg og reinsleg. Du skal alltid kome punktleg til vakta di og ha rein og korrekt uniform
  • Oppmerksam mot gjestene våre. Alltid helse på dei og vise at du ser dei
  • God på å handtere stressande situasjonar. Det kan kome mange gjester samtidig, og det er viktig å halde seg roleg
  • Løysingsorientert. Gjester kan ha ulike utfordringar i parken, og det er viktig å forsøke å kunne hjelpe dei

Arbeidstidene for inngangsmedarbeidarar er mellom 7 og 8 timar per vakt. Du kan forvente mellom 3-5 vakter i veka. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må kunne delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.