




Visjonen til Mikkelparken er å skape gode barndomsminner.
Kvar sommar bidreg rundt 90 ungdommar til å oppfylle nettopp dette. Gjennom sesongens ca. 70 opningsdagar, står våre engasjerte og dyktige medarbeidarar og ynskjer gjester velkomen, skapar gode opplevingar og hjelper med stort og smått. Med ein god blanding av faste ansatte, erfarne sesongmedarbeidarar og nytt mikkelvertskap, skapar me ein kjekk arbeidsplass med fokus på verdiane våre: tryggleik, samarbeid og trivsel.
Me i Mikkelparken ynskjer å gje våre medarbeidarar ein god start på arbeidslivet og ein viktig erfaring ein kan ta med seg i framtida. Me er ein av dei største arbeidsgivarane for ungdom i Hardanger, og det er noko me er stolte og glade for. Med ein god attest frå Mikkelparken, kan du i tillegg bli ein attraktiv kandidat hjå andre arbeidsgivarar i framtida!
Fordelar ved å jobbe i Mikkelparken:
Kven kan søkje hjå oss?
Korleis foregår rekrutteringsprosessen?
I desember/januar opnar me for å søkje sommarjobb ved at du fyller ut eit søknadsskjema med ein del spørsmål om deg. Dette skjemaet vil vere tilgjengeleg når søknadsprosessen er i gang, og me publiserer dette i sosiale medier lokalt i Kinsarvik og omegn. Du kan også kontakte oss for å få tilsendt link til skjemaet. Etter søknadsfristen vil me gå gjennom søknadane og deretter invitere til gruppeintervju, før du til slutt får svar av oss om du har fått jobb. Alle som har vore inne på intervju får svar innan 7 dagar.
Søknadsskjema
Søknadsskjema for 2025 er stengt. Me ynskjer å takke alle som har søkt, og vist interesse for sommarjobb.








