



Mikkelparken sin visjon er å skape gode barndomsminner. I denne stillinga er ein ansvarleg for tilbereding, servering og sal av mat og drikke, samt reinhald av eigen avdeling. Ein skal møte gjestene våre og deira behov med eit smil. Arbeidsplassen skal vere rein og ryddig til ein kvar tid, og hygienereglar må følgjast i samband med matlaging og generell vask av området. Tryggleik, trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet.
For å jobbe i Skoskogen i Mikkelparken må ein vere fylt 14 år, og komfortabel med å kommunisera med nye menneske kvar dag. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og god innssatsvilje. Skoskogen-medarbeidarar rapporterer til sesongleiaren i Skoskogen, og elles til dei andre sesongleiarane i parken.
Hugs at me alltid tar oss tid til gjestene våre, uansett kor travle me er. Gjestene er vår prioritet nr. 1. Det er viktig å smile og ha eit godt humør, slik at me kan yte best mogleg service.
Arbeidstidene for kafémedarbeidar Skoskogen er mellom 6.5-8 timar. Du kan forvente å ha mellom 3-5 vakter i veka. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.