Kafé medarbeider Solkro

Arbeidsskildring

Mikkelparken sin visjon er å skape gode barndomsminner. I denne stillinga er ein ansvarleg for tilbereding, servering og sal av mat og drikke. Ein skal møte gjestene våre, og deira behov med eit smil. Arbeidsplassen skal vere rein og ryddig til ein kvar tid, og hygienereglar må følgjast i samband med matlaging og generell vask av området. Tryggleik, trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet.

For å jobbe i solkro må ein ha fylt 14 år, vere komfortabel med å kommunisera med nye menneske kvar dag, samt å jobbe i eit hektisk arbeidsmiljø. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og god innsatsvilje. Solkro-medarbeidarar rapporterer til sesongleiar for Solkro, og ellers dei andre sesongleiarane i parken.

Hugs at me alltid tar oss tid til gjestene våre, uansett kor travle me er. Gjestene er vår prioritet nr. 1. Det er viktig å smile og ha eit godt humør, slik at me kan yte best mogleg service.

Oppgåver og ansvarsområde

  • Arbeide saman med andre for å gje gjestene ei god oppleving
  • Kommunisere med gjester og medarbeidarar
  • Sal av produkt og mat
  • Sørgje for at alle stasjonar er reine og ryddige (inkludert bord og golv der gjestene oppheld seg)
  • Produksjon av mat
  • Reinhald av uteområde i Solkro
  • Reinhald av kjøkkenet
  • Reinhald på frys og kjøl
  • Ta ut produkt frå frys til kjøl og merke dei korrekt
  • Temperaturmåling av mat og kjøl
  • Informere gjestene om allergener
  • Produksjon av sukkerspinn
  • Vege matavfall og ha fokus på å redusere matsvinn

Som kafémedarbeidar bør du vere:

  • Glad i å samhandle med andre menneske (gjester og medarbeidarar)
  • Effektiv
  • God på å handtere stressande situasjonar
  • Samarbeidsvillig
  • Ha interesse for mat

Arbeidstidene for Kafémedarbeidar Solkro er mellom 7-8 timar. Du kan forvente å ha mellom 3-5 vakter per veke. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.