Mikkelbuffet vertskap (Mikkelparken Ferietun)

Arbeidsskildring

Som vertskap på Mikkelbuffet arbeider du saman med kokkane på Ferietunet for å skape ei god oppleving for gjester som et middag hjå oss. Dette skal du gjere gjennom verdiane våre: Tryggleik samarbeid og trivsel.

Når du jobbar som vertskap på matserveringa på tunet, jobbar du på ettermiddag/kveld. Saman med resepsjonist, kokkar, sesongleiar, og driftsleiar jobbar du for å skape gode minner og barndomsminner for gjestene våre. Mikkelbuffetvertskap rapporterer til sesongleiar for Mikkelbuffet og elles til dei andre sesongleiarane på Ferietunet.

Oppgåver og ansvarsområde

  • Hjelpe kokk om det er noko som trengs i høve til matlaging
  • Utføre punkta på sjekkliste for Opning og Stenging, og gi tilbakemelding til sesongleiar ved behov for endring av sjekklista
  • Klargjere matsalar og serveringsstasjon med bestikk, glass, koppar, vassmugger og anna utstyr som gjestene treng til måltidet
  • Klargjere ryddestasjonar og halde desse ryddige og reine og reine undervegs i middagstida
  • Sette opp bord og stolar korrekt
  • Servere og legge opp mat til gjestene ved behov
  • Ha kunnskap om maten me serverer, allergiar og liknande
  • Sørgje for at matserveringsstasjonen ser rein og innbydande ut heile middagstida
  • Rydde og vaske bord og stolar før, under og etter middagstida
  • Fylle på og bytte produkt på kaffimaskiner
  • Fylle på utstyr som koppar, glas, og bestikk ved behov.
  • Rydde skitne tallerkar og bestikk
  • Svare på spørsmål fra gjester og gi dei god service
  • Mingle med gjester og sørgje for at dei har ei god oppleving
  • Hjelpe til med oppvasken undervegs og etter buffeten
  • Fylle ut avvikssjema ved avvik, skade eller uønska hendingar.

Som medarbeidar i Mikkelbuffet bør du vere:

  • Blid og imøtekommande
  • Sjølvstendig og effektiv – det kan vere travle periodar med mykje folk, men også periodar med ro der du må sysselsetje deg sjøl.
  • Reinsleg
  • Villig til å gi det lille ekstra for at gjestene skal få ei god ramme rundt matopplevinga

Denne stillinga passar for deg som likar å jobbe med menneske, trivst i eit hektisk miljø og vil vere med på å skape gode opplevingar for våre gjester.

Arbeidstid

Vaktene i rollen som Mikkelbuffet vertskap føregår på ettermiddag kveld og har ei varigheit på 6 timar. Du kan forvente mellom 3-5 vakter i løpet av Mikkelbuffet sin opningsperiode. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken og Mikkelparken Ferietun må kunne delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.