Tryggleiksvakt basseng (over 18 år)

Arbeidsskildring

Som tryggleiksvakt i Mikkelparken skal du sørgje for at gjestene alltid er trygge, får god hjelp og har det kjekt. Du skal bidra med å skape gode barndomsminner. Som tryggleiksvakt er det viktig å møte born og vaksne med eit smil; gjestene vil føle seg velkomne til Tropefryd og dei andre bassenga.

Det er avgjerande at du som, tryggleiksvakt er observant og har god oversikt over ditt område. Du må alltid ha fullt fokus på arbeidet og ikkje bruke mobil eller liknande, sidan risikofylte situasjonar kan oppstå på berre nokre få sekund. Born og vaksne må kunne stole på at du har merksemda retta mot bassenget og skliene. Vaktene i bassengområdet samarbeider og byter basseng ved behov for å sikre god oversikt og tryggleik.

Som tryggleiksvakt på krasjbåt og som togførar har du ansvar for at gjestene bruker attraksjonen forsvarleg og at aktiviteten foregår trygt. Dette inneber å rettleie gjestene på den spesifikke attraksjonen du jobbar på.

Tryggleik, trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og god innsatsvilje.

For å jobbe som Tryggleiksvakt ved basseng, krasjbåt og togførar i Mikkelparken må ein vere fylt 18 år og vera komfortabel med å kommunisere med nye mennesker kvar dag.

Oppgåver og ansvarsområde

  • Sørgje for at alle i badeområdet føler seg trygge
  • Kontollere at borna er høge nok til å bruke skliene
  • forutsjå risikofylte situasjonar og handle raskt.
  • Kunne utøve HLR eller anna førstehjelp om nødvendig

Som tryggleiksvakt bør du vere

  • Trygg, toleg og tydeleg
  • Blid og imøtekommande
  • Oppmerksam og ansvarsfull
  • Prioritere tryggleik i alle situasjonar
  • Opplært i HLR og førstehjelp (dette blir gjort i opplæringsfasen før sesongen)

Denne stillinga passar for deg som likar å jobbe med menneske, tek ansvar for tryggleik, og trivst med varierte arbeidsoppgåver i ein aktiv kvardag.

Som Tryggleiksvakt (over 18 år) arbeider du mellom 7-8 timar. Alle som skal arbeide som Tryggleiksvakt (over 18 år) må delta på obligatorisk opplæring og gjennomføre brannvernkurs, førstehjelpskurs og hjertestartar gjennomgang med Røde Kors. Du vil også få intern opplæring i effektiv og trygg bassengobservasjon.

Krav

  • Du må vere fylt 18 år
  • Du må vere svømmedyktig
  • Du må kunne kommunisere på ein forståeleg og effektiv måte over walkie talkie
  • Kommunisere med born og forklare tryggleiksreglane til dei ulike attraksjonane
  • Kunne utøve livreddande førstehjelp dersom situasjonen tilseier dette