Utforsk Hardanger

Husedalen i Kinsarvik – dei 4 fossane

Dei 4 fossane i husedalen er ein verdskjend tur som kan passe fleire aldersgrupper. Turen tek mellom 3-6 timar og byr på spektakulær natur. Begynn turen rett ved Mikkelparken Ferietun eller parker bilen i Husemoen 3-4 minutt i bil. Turen er variert med nokre deler som er bratt og kan vere glatt når det er vått, medan andre deler av turen er flat mark. Stien er merka med raude T-ar.

Dronningstien

Dronning Sonja sin panoramatur tek deg opp i 1100m høgd i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Her har du full utsikt over fjord og bre og går ned dei kjende Munketreppene nærmare Lofthus. Turen er krevjande og er ca. 14,1km lang. Du må rekne ein heil dag på turen og ha med deg godt med klede og mat. Parkering fins på Røte som er startpunkt for turen. Dette er ein privat veg og kostar 200kr å stå parkert.

Ta vare på deg sjølv og naturen vår

Allemannsretten gjev oss mange fantastiske moglegheiter, men også ei plikt til å ta vare på naturen. Når du er ute i naturen skal du ikkje etterlate meir enn ditt eige fotavtrykk. Dette inneber at du ryddar opp etter deg og tek med deg søppel og anna rusk som ikkje høyrer til i naturen, samt opptrer varsomt og hensynsfullt.

Naturen i Hardanger er både unik og majestetisk, og har mange tusen besøkande kvart år som ynskjer å oppleve ho. Samstundes skal ein ha respekt for den mektige naturen og sine eigne evner til å gjennomføre dei krevjande turane. Berekn god tid slik at du kjem deg tilbake før det blir mørkt,ha gode tursko, ekstra klede og mat med deg.

God tur og velkomen til Kinsarvik!