6-sengs Luksustelt

Kvifor ikkje prøve deg på «glamping»?
Luksustelta i Frukthagen vår vil sannsynlegvis vere den mest komfortable camping-opplevinga du har hatt!

Dei to luksustelta våre har dei same fasilitetane som våre familiehytter, men i ei meir rustikk innpakking.
Opphaldsrommet består av ei stove med sofakrok, spisebord og kjøkken. Kjøkkenet er utstyrt med bl.a. oppvaskmaskin, mikrobølgeovn, og kjøleskap, kokeplater og steikeovn.
Telta har to soverom med familiekøyeseng og bad med toalett og dusj.
Glamping i Hardanger
Hund er tillatt i luksustelta
Gratis wifi
Tilgang til oppvarma basseng (mai-september)

Unik overnatting

Sjå alle overnattingar
Dei to luksustelta våre har dei same fasilitetane som våre familiehytter, men i ei meir rustikk innpakking.
Opphaldsrommet består av ei stove med sofakrok, spisebord og kjøkken. Kjøkkenet er utstyrt med bl.a. oppvaskmaskin, mikrobølgeovn, og kjøleskap, kokeplater og steikeovn.
Telta har to soverom med familiekøyeseng og bad med toalett og dusj.

Luksustelt er markert som "Epletelt" og "Pæretelt" på kartet. Dersom du ynskjer eit av desse spesifikt, kan du velgje spesifikk eining mot eit ekstra gebyr ved booking.