• Attraksjonar
  • Arrangement
  • Mat Og Drikke
  • Vår historie

Attraksjonar

Sydenvarme i Tropefryd!

Sydenvarme i Tropefryd!

Tropefryd er Mikkel sitt eige badeland med tropevarmt vatn, tre basseng, spruteanlegg og vass-sklier. Her kan du bade og leike med vatn i all slags vær!

Utfordre balansen i jungelløypa!

I Mikkel si jungelløypa kan heile familien utfordra balansen når dei tar seg gjennom den utfordrande hinderløypa i skogen.

Utfordre balansen i jungelløypa!
Ta ein tur med mikkeltoget!

Ta ein tur med mikkeltoget!

La føtene kvile litt medan du høyrer ein spanande historie frå Mikkelverda. Toget tar deg med på ein liten runde i Mikkelparken.

Fjernstyrte båtar

Fjernstyrte båtar

Køyr om kapp med sidemannen og test finmotorikken. I Mikkelparken har me både både radiostyrte bilar og båtar!

Gravemaskiner

Gravemaskiner

Minientreprenørane treng ikkje gå langt, rett innanfor inngangspartiet finn du elektriske gravemaskiner som utfordrar motorikken.

Labyrinten

Labyrinten

Kor god er du på å leite og finne vegen? I labyrinten er det om å gjere å finne vegen utan å gå seg vill. Undervegs kan du more deg med artige speglar, og prøve å halde styr på kva du ser langs vegen...

Jungelrafting

Jungelrafting

Kappkøyr med bestemor eller skli ned saman med ein venn! Uansett om du sklir baklengs eller får snurrefart, vil det kribla i både små og store magar!

Andre aktivitetar

Blekkspruten

Blekkspruten klatretårn har mange skli-armar med ulike høgder og utfordringar. Tør du å skli frå den høgste sklia?

Blekkspruten
Hopp og sprett og deg gjennom heile parken

Hopp og sprett og deg gjennom heile parken

Sjekk spretten din og finslip triksene på dei ulike trampolinene og hoppeputene i parken. Her har me noko som passar for alle aldrar, både store hoppeputer og tradisjonelle trampoliner.

Utfordre høgdeskrekken!

Mikkelparken har alt frå tradisjonelle klatrestativ med sklier, til Klyvsnuten klatretopp og vårt 8 meter høge klatretårn som virkelig får sommarfuglane i magen til å gå amok!

Utfordre høgdeskrekken!

Arrangement

Feriefest!

Feriefest!

Mikkel si Scene
Kvar dag, kl. 12.00 og 16.30
Årets tema er FERIE!! Og me vil sjølvsagt feire denne deilige årlige tradisjonen kvar dag på Mikkel si scene. Mikkel og venene tar med seg sine mest tropiske, sommarslige og herlige songar og håper at alle born og vaksne tek turen til scena for å skape Feriefølelsen!  
Tuttetid med Mikkeline

Tuttetid med Mikkeline

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 13.30
Har du blitt for stor for tutten din? Då kan du kome til sceneteltet kl. 13.30 og gi tutten din til Mikkeline. Ho vert så glad for alle tuttane ho får!
Blinkskot med Mikkel og venene

Blinkskot med Mikkel og venene

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 15.00
Mikkel og venene står klare ved sceneteltet for å helse på deg, gje deg ein high five og ta eit kult bilete saman!!

Mat og drikke

Solkro

Solkro

Sitt ute i hyggelige omgivnader, nær Tropefryd. I Solkro kan du bestille rettar for store og små, me har hamburger, bakt potet, salatar, fiskekaker, pølse og pommes frites.

Skoskogen - innandørs avslapping medan ungane leikar

Skoskogen - innandørs avslapping medan ungane leikar

Behov for å lade batteriene? Eller har svolten meldt seg og du treng litt påfyll? I Skoskogen kafé kan du finne noko smått og stort, enten det er ein liten oppkvikkande kanelbolle eller eit herremåltid for heile familien. Favoritten vår er pizza, men her finn du også påsmurte alternativ. Unn deg gjerne ein kaffi og bakst medan ungane leikar.

Grilling

Grilling

I Mikkelparken er det to stk. gassgrillar til utlån. Har du med deg eigen grillmat og utstyr til å grille (pølseklype etc.) kan du gjerne bruke desse til å lage deg mat. Grillane står utanfor Skoskogen.

Medbrakt mat og drikke

Medbrakt mat og drikke

I Mikkelparken er det tillatt å ta med eigen mat og drikke. Nyt maten din på ein av piknikbordene som står rundt omkring i parken. Det er vannkran i Skoskogen og i Solkro, der du kan forsyne deg med vatn.

Historia om Mikkel og venene

Ein dag vart det funne fleire sko oppe i skogen i Kinsarvik, men det rare var at det kun var ein sko av kvar. Til stor frustrasjon for mange, hadde det i fleire år vore ein tam rev som stal sko frå både turistar og fastbuande i Kinsarvik. Ingen visste kvar det vart av desse skoa. Då det viste seg at skoa låg gøymd i skogen i familieparken, vart historia om Mikkel og venene til.

Sveip for å se alle mikkels venner

  • Mikkel

    Mikkel

    Mikkel

  • Mikkeline

    Mikkeline

    Mikkeline

  • Minken

    Minken

    Minken

  • Solbjørn

    Solbjørn

    Solbjørn

  • Frøken Ugle

    Frøken Ugle

    Frøken Ugle

  • DJ Papegøy

    DJ Papegøy

    DJ Papegøy

Hels på Mikkel

Sveip for å se alle mikkels venner

Mikkel er den sjarmerande «Skoreven», som stel sko. Mikkel er lur, og kan sjå ting som andre ikkje ser, og best av alt – han kan lukte sko som har ei historie å fortelje.

Forutan sko er Mikkel veldig glad i eple. Han et minst eit eple kvar dag, og er overtydd om at det gjer han litt klokare. Han er særs stolt over Mikkelparken og at det er ein familiepark. Der bur han med alle venen sine.

Hels på Mikkeline

Sveip for å se alle mikkels venner

Mikkeline er ei skikkelig tøff jente som er glad i alle. Ho er særleg glad i dyr og i naturen. I skogen har ho eit eige dansetre, som ho dansar rundt kvar morgon og kvar kveld. Mikkeline elskar å danse.

Om nokon treng trøst eller treng hjelp til å kjenne seg litt sterkare, kjem dei alltid til Mikkeline (eller Tøffeline som dei då kallar ho). Ho samlar inn tuttar, og ingen av dei andre anar kva ho gjer med dei. «Vent å sjå», seier ho berre når dei spør.

Hels på Minken

Sveip for å se alle mikkels venner

Minken kom til Mikkelparken etter å ha rømt frå eit oppdrettsanlegg på nordvestlandet.

Han har hiet sitt heilt i vasskanten i andetrøbåt-dammen. Det passar han veldig godt på. Minken er litt sjalu og syns ikkje at det er så lett å være vener med alle - alltid.

Hels på Solbjørn

Sveip for å se alle mikkels venner

Solbjørn er ein følsam og glad pessimist. Han er ein svært snill bjørn, men har ein tendens til å bekymre seg for mykje.

Når han vert redd, gøymer han seg. Sola gjer Solbjørn trygg, men om det ikkje er sol, held det at barn er blide som ei sol. Han har som mål å gjere nokon glad kvar einaste dag.

Hels på Frøken Ugle

Sveip for å se alle mikkels venner

Frøken Ugle er den som passar på parken på nattestid. Det er ein jobb ho tar særs alvorleg. Det er berre eit lite problem - ho har vorte mørkredd. For å trøyste seg sjølv har ho ei hemmelegheit som gjer ho mindre redd.

Under den eine vengja si har ho ein sommarfugl. Når dei flyg i lag går det bra. Frøken Ugle er eigentleg lærar og vil gjerne fortelje dei andre om alt ho kan. Men dei vil helst berre leike. Då hender det at Frøken Ugle må verta litt streng.

Hels på DJ Papegøy

Sveip for å se alle mikkels venner

DJ Papegøy har den livligaste fantasien av alle venene i Mikkelparken. Han diktar og fortel historier, og skrøner så godt at han trur det sjølv. Han er ein skikkeleg ertekrok. Å herme etter dei andre, synes han er kjempekjekt. Han er litt forfengeleg og skrytete, og likar å bestemme, dessutan snakkar han som ein foss.

DJ Papegøy er glad i alt som har med musikk å gjere, og arbeider som DJ, DJ Papegøy. Når han ikkje er i Mikkelparken reiser han rundt i heile verda og finn steinar til Juvelbekken.